Foredrag om Hallfrid Christiansen med Ove Arild Orvik

av Steinar Nilsen, 24. mai, 2024
Hallfrid Christiansen

Tid: 29. mai 2024 kl. 18:00-20:00

Sted: Meieriet kulturhus, Leknes, Storsalen

Vestvågøy historielag inviterer til foredrag om Hallfrid Christiansen med Ove Arild Orvik

18:00-18:40 Foredrag om Hallfrid
18:40-19:00 Kaffe og kaker
19:00-20:00 Boksignering, quiz og om boka

Om Hallfrid
Hallfrid Christiansen (1886-1964) var dialektforskar og ein pioner i norsk dialektgransking. Ho gjorde eit stort arbeid med å kartleggje nordnorsk talemål og var den andre kvinna som disputerte for doktorgraden i nordisk språkvitskap i Noreg. (Store norske leksikon https://snl.no/Hallfrid_Christiansen)

Om foredraget
Orvik vil i foredraget starte med den moderne varianten av «Kjerringa mot straumen», nemleg forteljinga om Hallfrid Christiansens liv og gjerning. Deretter kjem han inn på bokprosjektet, korleis det heile starta og blei fullført. Etter ein pause med kaffi og boksignering får publikum prøve seg på ein muntleg quiz før forfattaren går meir i detalj om boka, korleis den er bygd opp og tenkt brukt. Det blir høve for publikum til å stille spørsmål.

Om foredragsholderen
Ove Arild Orvik, f. 1952, er fødd og oppvaksen på Otrøya i Romsdal. Ved sida av yrket som norsklektor i den vidaregåande skulen har han skrive diverse ordbøker frå Romsdal og Vesterålen. I 2017 kom KYSTSPRÅK, eit hefte der ord om hav, fiske, mat av fisk, vêr og vind på Aust-Island, Vesterålen og Romsdal er samanlikna. Nordnorsk ordbok er det siste og mest omfattande verket frå forfattaren.