Åttende kapitel

Gamle truer og skikkar

(Samla i Hol av Dagmar Blix)

INNHOLD

STARTSIDEN

Dei gamle tok varsel av så mange ting. Dei levde i så nær kontakt med naturen og var meir avhengig av ver og vind og andre ytre tilhøve enn vi meiner vi er. Surne av varslane er av meir skjemtefull art. Andre er djupaste alvor, dei varslar ulykker, sjukdom og død. Dei kan vere laga av eldre folk og skal tene som oppseding for dei unge. Men mange er heilt frå heidningtida og viser tydeleg at det gjeld å halde seg til vens med dei sterke, usynlege maktene — vergudane, hav-vettene eller underjordingane. Det og det må du ikkje gjere, det og det må du gjere — elles vil det eller det hende.

 

Om døden

1. Om ein hund yler høgt og klagande mot himmelen ei lang stund, då er det ein der i garden eller grenda som snart skal døy.

2. Når eit barn legg seg attover og legg noko kvitt over andletet, då varslar det dauingar.

3. Ein må aldri breide teppen eller laken over andletet på levande folk, berre over døde.

4. Ein må aldri sy i stand kleda på eit barn medan det har dei på; for då vil barnet omkomme på havet.

5. Den som søv med åpne augo (litt åpne eller halvåpne), han vil kome til å drukne.

6. Dersom to tar i dørhandtaket på same tid — ein ute og ein inne — då får dei spørre dauingar.

7. Kjem ein inn som dei nett har snakka om, må dei alltid seie: «Du er ikkje fæg i år» eller «Når en ønakkar om sola, då skin ho».

8. Dersom en høyrer draugen skrike stygt i mørke uversnetter, så tyder det alltid død og forlis, serleg om han ropar: «Dau mann, dau mann»! Det kan ein og høyre han mumle nedi fjæra i fine måneskinskveldar, og då må fiskaren vare seg vel oj ikkje tenkje på utror dagen etter.

9. Fiskaren måtte aldri gløyme å sette tjærekross i båtstamnen, det «gjorde åt» for ulykker og forlis, og det ga fiskelykke.

10. Tjærekross over ladøra og fjøsdøra verna mot «onde augo», sjukdom, død og andre uhell i fjøs og stall, og det drygde foret. Ein måtte og teikne kross på smørkjerninga, så vart smøret drygare.

11. Om ein dauing «gjekk etter namn» — når ei som venta barn drøymde døde folk — måtte dei alltid kalle opp. Gjorde dei ikkje det, vart barnet sjukeleg og skrikande eller det døydde.

 

Om maten

1. Mat må ein aldri brenne, om det berre er smular; for då vil ein kome til å svelte.

2. Bein skal ein heller ikkje brenne, elles kan ein få sjukdom og ulykker i fjøset.

3. Veltar ein saltkaret, tyder det snarleg ulykke.

4. Dersom ein kjem inn i eit framandt hus først i måltidet, blir ein rik, sist i måltidet, blir ein fattig.

5. Misser ein kniv, skei eller gaffel, så kjem det ein «sprett» til gards. Kniv tyder at ein mann kjem, skei — ei kvinne, gaffel eit barn.

6. Den som et brent mat, får vakre born.

7. Er det ei gjente som søler mykje utover i kjøkkenet med vatn, mjølk og andre våte saker, då får ho ein drikkar til mann.

8. Set ho alltid gryter og pannar skeivt på omnen, blir mannen hennar halt eller skakk.

9. Som tausa steller deigtrauet, så kjem ho til å stelle barnevogga. (Hald trauet reint).

10. Om ikkje kokka sikar søet godt av fisken før ho set fiskfatet på bordet, då kan ho ikkje ligge tørr brurnatta.

11. Kokar koppvatnet, blir ikkje kokka gift (det året).

12. Er suppa for tjukt, seier dei «det har vore stilla i kjøkenet».

13. Er maten for salt, går kokka i giftartankar.

14. Er grauten eller suppa svidd, er det ikkje rett fatt med kokka. «Ho er ikkje heil innmed beinet», (ventar smått).

15. Dett ei brødskive i golvet med smørsida opp, tyder det lykke, med smørsida ned, tyder det ulykke.

16. Ein må ikkje smøre på den minste flata av brødskiva, då blir ein gift med ein gniar, eller ein blir stimor (stifar). Dif or heiter skalksida «stimorsida».

17. Borna skulle helst stå attmed matbordet. «Ein står ikkje for likar mann enn for maten», sa dei gamle.

18. Dersom ein sit attmed bordhyrnet, blir han ikkje mett — eller han blir ikkje gift.

19. Den som blir sist ferdig med maten, får leve lengst.

20. Dersom røyken stig beint opp av pipa, er husmora blid.

 

Om kjærleik, gifting og barn

1. Den som har uhell i kortspel, har hell i kjærleik.

2. Dersom det legg seg brett på kjolen eller stakken, blir ein beden i bryllaup eller anna gilde.

3. Tar ein eit plagg rangt på seg om morgenen, må ein vente seg mange uhell den dagen. Men dersom ein går med plagget rangt, kan det vende seg til lykke.

4. Kløft i haka tyder at gjenta er gluntegalen, guten ein gjentefut.

5. Ein kongrovev som heng fritt ned frå taket, tyder ein friar til huset.

6. Om ei sit og syr og stikk seg til blods i ein finger, då får den som eig plagget oppleve mykje kjærleik og lykke i dette.

7. Om ei gjente ville få drøyme kjærasten sin, skulle ho sette skoene sine i T ein torsdagskveld og seie: «Eg setjer mine sko i T, eg ønskjer kjærasten min å få se. Eg ønskjer å sjå han slik som han er, og helst i sine kvardagsklær».

8. Ein annan måte var å kle av seg serken og legge han under hovudputa om torsdagsnatta, så fekk ho sjå kjærasten.

9. Dersom, ein kosta boss på ein ungkar eller ei unggjente, når ein kosta golvet på ein fredag, vart han eller ho ikkje gift.

10. Om ei gjente ville vite kva kant kjærasten hennar skulle kome frå, kunne ho gå ut med siste tugga av julegrauten (nyårsaftangrauten) i munnen og sette seg attmed ei av husnovene. Frå den kanten der ho først høyrer lyd, skal kjærasten kome.

11. Ei hårnål på vegen, tyder ein friar. Er ho rustut, er friaren gamal og stygg. Er ho ny, er det ein ung, staut kar. Men ligg hårnåla med rundingen frå, vil ho snart misse friåren.

12. Ein må ikkje trø på hælane til folk, då trødde ein friarlykka av dei.

13. Ein må alltid ha stål i barnvogga.

14. Om eit barn skrik mykje før det blir døypt, så liker det ikkje namnet ein har tenkt å gje det, og då må ein gje det eit anna namn. Elles kan det døy eller bli ein bytting.

15. Ingen andre enn faren og mora må høyre namnet før barnet er døypt.

16. Er barnet roleg og snilt når det kjem ifrå kyrkja, så likar det namnet.

17. Regn i brursløret gjev lykke, men storm tyder mykje trette og krangel mellom dei nygifte.

18. Ein skal tvie etter brura og hive ein sko etter henne.

 

Om ver og vind, fiskelykke o.m.

1. Går hundedagane inn med regn, så går dei ut med solskin.

2. Dersom det er frost sommarmålnatta, blir det frost i sju veker til. (Sommarmål er 14. april).

3. Er himmelen klår sommarmåldagen, blir sommaren varm og god.

4. Mykje rognebær om hausten tyder ein hard snøvinter.

5. Høyrer ein gauken i svart skog, blir det uår.

6. «Nordgauk er någauk», d.v.s. dersom ein høyrer gauken i nord første gongen han gjel om våren, blir det dødsfall i grenda.

7. Dei gamle hadde andre namn på somme av månadene. Februar heitte Ogjø, og dei sa: «Ogjø med sitt skjegg lokka all ungan utfor ein vegg».

8. Mars morrakvass og kveldgod.

9. Mai møy kjem aldri så tidleg at ho ikkje krev eit lass høy. Får ho ikkje lasset, så vil ho ha børa. Får ho ikkje børa, så jagar ho mannen på døra.

10. Mai kulde gjør bondens lader fulle.

11. Rød aften bety der en god morgen, rød morgen bety der en stormfull dag.

12. Når katta et gras, då blir det regn.

13. Når det sprakar i omnen og det sprutar gneister, blir det storm.

14. Dersom ein gjev bort det ein har vunne, då misser han vinnarlykka.

15. Når framande blir trøytte i eit hus, blir husfolka rike.

16. Klør ein i nasen blir ein sinna.

17. Klør ein i høgre naseboret, kjem det mannfolk til gards. «Ein har mannfolk i nasen».

18. Klør ein under fotsolane, får ein kome på dans eller på ein framand stad.

19. Klør ein i høgre handloven, får ein ei gave, i venstre må ein gje ei gave.

20. Klør ein i høgre auga får ein le, i vinstre får ein gråte.

21. Klør ein i høgre øyra, får ein høre godt nytt, i vinstre får ein høyre dårleg nytt.

22. Når ein soknar etter nokon som er drukna, kan ein ta med ein hane i båten. Han gjel når dei er rett over den staden der liket ligg.

23. Forregn eller forvarsel kalla dei det når dei kunne høyre at ein let opp døra og gjekk inn i gangen ei tid før del verkeleg kom. Det var gode menneskje som såleis varsla før dei kom.

24. Eit anna slag varsel var når nokon omkom ved forlis eller andre ulykker. Då kunne kone eller mor sjå eller høyre den omkomne just i same stunda han døydde.

25. Den som skeiva skoene sine utover, var gavmild, og den som skeiva dei innover, var gjerrig.

26. Kvinnfolk måtte aldri skreve over bruket (line eller garn), for då miste ein fiskelykka.

27. Om eit kvinnfolk ønskjer god tur når ein fer på sjøen, då kan ein berre snu; for det tyder utur.

28. Men om kvinnfolka tvia etter ein når ein for, då var ein viss på fiskelykke.

29. Om ei kvinne sit og strikkar, når ho ventar smått, kan barnet få navlestrengen om halsen og døy.

30. Når ein gjekk med ei ku til oksen, måtte ein alltid bere ein småstein i lomma, då vart det godt avkom.

31. Om ein skulle ut etter kveite eller flyndre, var det bra å halde seg til kvinnfolka før ein for, dei «tok vahald», og då hadde ein fiskelykke.

32. Ein måtte alltid tvie etter framande når dei gjekk, og ein måtte aldri la framande kome i fjøset. Dei kunne sette gand eller «vondt auga».

INNHOLD

STARTSIDEN